info-img

Linja AS søker administrerende direktør

Vil du leie eit av Noregs mest framtidsretta nettselskap?

Linja er blant dei største nettselskapa i Noreg, og eit leiande kompetanse- og teknologiselskap innan elektrifisering. Vi har ein avgjerande samfunnsfunksjon og spelar ei sentral rolle i utviklinga av eit meir berekraftig og framtidsretta energisystem. Gjennom sikker og effektiv infrastruktur, sterk fagkompetanse og nytenking innan teknologi bidreg vi til å forme framtidas energiløysingar.

Med 287 tilsette forsyner vi over 105 000 kundar med straum i vårt nettområde. Verksemda vår strekker seg over store delar av Nordvestlandet, og vi er til stades der utvikling skjer – frå by til bygd, frå industri til bustadområde. Vi legg no grunnlaget for den neste epoken i vår historie, og søkjer ein tydeleg, samlande og gjennomføringsorientert administrerande direktør til å leie Linja inn i framtida.

Om stillinga

Som administrerande direktør får du være ansvarleg for at selskapet er rett dimensjonert i høve struktur, kompetanse og kapasitet, og etablere effektive løysingar som realiserer synergigevinstar. Du vil leie transformasjonsprosessar som posisjonerer selskapet for framtida, og jobbe med eit kompetent selskap med høge ambisjonar i tett samarbeid med eit engasjert styre, dyktige leiarar og medarbeidarar.

Du får ansvaret for å:

  • Vidareutvikle Linja som eit moderne, effektivt og innovativt nettselskap som sikrar stabil og trygg straumforsyning

  • Leie ein desentralisert organisasjon 

  • Skape ein tydeleg kultur for leiarskap, samhandling og kontinuerleg kompetanseutvikling

  • Leie og utvikle selskapet strategisk og operativt i tråd med styret sine føringar og sikre utvikling og synlegheit internt

  • Byggje sterke relasjonar til, og kommunisere godt med kundar, styresmakter, næringsliv, eigarar og andre interessentar 

Kven er du?

Vi ser etter ein leiar med høg gjennomføringskraft og har god forståing for korleis eit samfunnskritisk infrastrukturselskap som Linja opererer. 

Vi ser gjerne at du har:

  • Leiarerfaring på høgt nivå, frå energi, teknologi, industri eller anna relevant sektor

  • God forståing for energisystemet og rammevilkåra nettselskapa opererer innanfor

  • Solid erfaring frå transformasjonsledelse og strategisk utvikling av organisasjonar

  • Forståing og innsikt i systematisk HMS og beredskapsarbeid

  • God rolleforståing og erfaring frå samarbeid med styre, eigarar og interessentar

  • Høgare utdanning innan relevante fagområde

Vi tilbyr:

  • Ei sentral og meiningsfull rolle i eit samfunnskritisk selskap i utvikling

  • Ein organisasjon med stor kompetanse, høgt engasjement og sterke verdiar

  • Konkurransedyktige vilkår 

Søkjarlista for denne stillinga vil vere offentleg. Dersom du ønsker unntak frå offentleggjering, må dette grunngivast i søknaden.

Kontakt:

For ein konfidensiell samtale, ta kontakt med senior rådgivar Wenche Kjerstad i Converto AS tlf 907 20 545 eller styreleiar Erik Espeseth tlf 905 20 033

Linja - Straum til deg. Kraft til det nye

Linja AS
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Dragsund - Florø - Ålesund
Kontakt:

Senior rådgivar i Converto AS
Wenche Kjerstad 
tlf: 907 20 545

eller

Styreleiar
Erik Espeseth
tlf: 905 20 033

Søknadsfrist: 10.08.2025
 

BESTILL STILLINGSANNONSE NÅ!

Europower har mer enn 9.000 digitale abonnenter som betaler for å holde seg oppdatert om det som skjer i energibransjen.

Denne målgruppen treffer du ved å annonsere ledige stillinger på Europower.no.

Medieplan

Klikk her for å laste ned medieplanen. 

Kontaktinformasjon

For bestilling av annonse, informasjon eller tilbud, ta kontakt med A2Media:

Mail: ann-kristin@a2media.no  

Ann Kristin Haugen, TLF: 41812132

 

Bestill annonsepakke nå