Sogn og Fjordane Energi søkjer fagleiar fysisk krafthandel
Noreg – og verda – er avhengige av meir fornybarenergi om vi skal nå klimamåla. I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvardag med å lage straum ut i frå naturkreftene – og utvikle nye fornybarprosjektpå lag med naturen.
Vi er av dei største kraftprodusentane påVestlandet – eit selskap i positiv utvikling og med svært høg aktivitet. Vi harei stor kraftutbygging på gang i Øksenelvane og har også fleire nye spennandeutbyggingsprosjekt under planlegging. I 2023 oppretta vi ein produksjonssentralpå Sandane, der vi overvaker kraftproduksjon og handlar i dei fysiskekraftmarknadene. Dette var eit strategisk val som ein del av vår satsing innansystemutvikling og digitalisering av ein stadig aukande kraftproduksjon. Vi skaperden fornybare framtida - det er samfunnsoppdraget vårt.
På grunn av auka oppgåveomfang og aktivitet i deikortsiktige fysiske kraftmarknadane søkjer vi etter Fagleiar Fysisk Krafthandeltil vår døgnbemanna produksjonssentral på Sandane.
Stillinga er nyoppretta og vil vere ein viktigressurs i vidareutviklinga av vår aktivitet i dei kortsiktige fysiskemarknadane og system knytt til dette. Rolla har eit overordna fagansvar forfysisk krafthandel, med ansvar for strategiutvikling, planlegging og optimalagering i ulike marknader. Fagleiar inngår også i reservestyrken forskiftordninga ved vår døgnbemanna produksjonssentral.
Ein kvardag med fagutvikling i fokus
Fagleiarane i SFE er nøkkelpersonar som jobbar ieit aktivt skjeringspunkt mellom folk og fag. Her får du bruk for di sterkemarknadsforståing og dine tydelege kommunikasjonsevner. Du vil jobbekontinuerleg med å sikre effektiv samhandling og bygge tillit på tvers avfagmiljø. I tillegg vil du vere ansvarleg for utarbeiding av robuste analysar,vidareutvikling av system og arbeidsmetodikk. Du er ein trygg og kunnskapsrikfagleiar som spelar ei sentral rolle i dei faglege vurderingane, når viktigeavgjerder skal takast.
Du er ein god fagleg rollemodell som held degoppdatert, utviklar fagområdet og sikrar kompetanseutvikling for kollegaenedine. Den faglege standarden er det du som definerer og samordnar, sjølvsagtalltid i tråd med gjeldande regelverk og interne retninglinjer. Stillingainneber soleis ansvar for etterleving av både regelverk og interne rutinar,inkludert handtering av innsideinformasjon, kontrollfunksjonar og avvik. Du ermoden når det kjem til styring og kontroll, og du tek nødvendige og godeavgjerder innafor ditt ansvarsområde.
Du evnar å koordinere, rettleie og lære oppfagmiljøet med tryggleik i botn. Du gir tilbakemeldingar og støttar kollegaenesin faglege utvikling, med fokus på å byggje ein sterk etterlevingskultur derkontinuerleg forbetring og digitaliseringfokus er viktig.
Kven trur vi du er?
Du er ein trygg og strukturert person med høgintegritet og sterk gjennomføringsevne, som evnar å setje retning og skape godforankring. Du har gjerne høgare utdanning innan relevante fag, t.d.ingeniørfag eller økonomi, eller solid erfaring frå fysisk krafthandel,produksjonsdisponering eller porteføljeforvaltning.
Har du erfaring med å utvikle prosessar,kontrollmiljø og styringssystem, kombinert med kommersiell legning og interessefor økonomi og marknad vil det vere eit fortrinn. Gode datakunnskapar,systemforståing og gjerne erfaring med SCADA-system er ein fordel. Relevanterfaring kan kompensere for formell utdanning.
Vi ser føre oss at du er utprega analytisk,løysingsorientert og komfortabel med bruk og vidareutvikling av IT-verktøy. Deter ein nødvendig eigenskap at du kan handtere krevjande og stressandesituasjonar på ein god måte. Du har engasjement for fornybar energi, HMS ogberekraft, og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø.
Difor skal du velje oss!
Som fagleiar for fysisk krafthandel i SFE får duein spennande og variert arbeidskvardag. Denne nyoppretta stillinga vil speleei sentral rolle i vidareutviklinga av krafthandel og marknadsoperasjonar, medstor moglegheit til å setje preg på strategi, metodikk og etterlevingskultur.Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med tett samarbeid på tvers av drift,produksjon, økonomi og leiing.
Vi håpar at du ser ei spennande moglegheit i åvere fagleiar i SFE, og at du ser det som attraktivt å jobbe i eit selskap medhøg medarbeidertilfredsheit. Dette vart tydeleg stadfesta gjennom vår sistemedarbeidarundersøking, der trivsel og fellesskap vart løfta fram som nokre avvåre største styrkar. Vi satsar målretta på utvikling av medarbeidarane våre ogtilbyr attraktive ordningar. Verdiane våre – Stolt, Frisk, Ekte – gjennomsyraralt vi gjer, og vi inviterer deg til å bli med oss på vegen vidare.
Vi meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodarpersonar med ulike bakgrunnar til å søkje.
Før tilsetting av den rette kandidaten, vil vietter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel ikraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon omdette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
Søknadsfrist: 1. mars 2026. Vi vurderer innkomnesøknader fortløpande.
Har du spørsmål kan du kontakte:
- Bengt J. Haugnes, Avdelingsleiar Energi & Marknad, mobil 918 08 917
- Kevin Denton, Teamleiar Produksjonssentral, mobil 419 25 891
Bestill stillingsannonse

BESTILL STILLINGSANNONSE NÅ!
Europower har 10.000 digitale abonnenter som betaler for å holde seg oppdatert om det som skjer i energibransjen.
Denne målgruppen treffer du ved å annonsere ledige stillinger på Europower.no.
Kontaktinformasjon
For bestilling av annonse, informasjon eller tilbud, ta kontakt med A2Media:
Mail: ann-kristin@a2media.no
Ann Kristin Haugen, TLF: 41812132