info-img

Voss Energi søkjer konsernsjef

Vår noverande konsernsjef skal pensjonera seg, og me søkjer no hans etterfølgjar.

Voss Energi er eit velfungerande konsern med ambisjonar om vidare vekst. Konsernet sin visjon er å vera lokal drivkraft for berekraftig utvikling. Rolla krev sterk kommersiell orientering og solid leiarerfaring. Bakgrunn frå verksemd med fokus på produksjon, endringsprosessar, forretningsutvikling og investeringar vil vektleggjast. Bransjekompetanse og bransjeerfaring vil vere ein føremon.

Ansvar og oppgåver

Som konsernsjef vil du saman med styret leia den vidare utviklinga av Voss Energi. Konsernsjefen har det overordna ansvaret for selskapet si drift og utvikling, og vil ha ansvar for å realisera strategien til konsernet. Du vil samarbeida tett med leiargruppa og styret for å sikra berekraftig vekst og lønsemd. Viktige oppgåver for konsernsjefen vil vera kontinuerleg utvikling og vurdering av mål og strategiar, samtidig som ein er tett på organisasjonen og har god kommunikasjon med styret. Konsernsjefen skal vera synleg, og innta ei rolle som stadfestar Voss Energi sin posisjon som samfunnsaktør.

Eksempel på oppgåver:

• Implementering av styret sine føringar og selskapet sin langsiktige strategi i tråd med berekraftige prinsipp og miljømål

• Vidareutvikling og leiing av leiargruppa

• Sikre effektiv drift og optimal ressursutnytting, med kontinuerleg fokus på organisasjonen

• Byggja og oppretthalda relasjonar med myndigheiter, regulerande organ og andre interessentar

• Sikre at selskapet vert drive i samsvar med relevante lover og reguleringar

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Den me søkjer har høgare utdanning (gjerne innan tekniske fag/elkraft) og relevant leiarerfaring.

Kunnskap om kraftforsyning og erfaring frå beredskapsarbeid er ein føresetnad , og god teknologisk forståing vil vere ein føremon. Som konsernsjef er det viktig å ha eit heilskapleg og strategisk blikk, god arbeidskapasitet og sterk gjennomføringsevne. Me ser difor etter ein målmedviten leiar med ein tydeleg og inspirerande leiarstil som vil jobbe etter våre verdiar; berekraftig, kompetent og effektiv.

Søkjarar må evne å kombinere kommersiell teft, økonomisk forståing og strategisk tenking med operativ handling. For å lukkast i rolla må du være utprega analytisk, men samtidig ha gode sosiale eigenskapar og ha lett for å byggja relasjonar. Konsernsjefen skal representera konsernet og vera synleg utover mot samfunnet, og må vera ein god rollemodell. Kandidatar må difor framstå som fagleg trygge, strukturerte og løysingsorienterte.

Stor arbeidskapasitet med god evne til å prioritera og delegera er naudsynt. Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne er ein føresetnad.

Me tilbyr ei spanande og utviklande stilling med utfordrande oppgåver i eit stabilt miljø. Voss Energi med dotterselskap er ein organisasjon med stort potensial, der konsernsjefen vil vere sentral i vidare utvikling og vekst.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval ved Gro Reinertsen, tlf 975 59 058 eller Ole Petter Bratteberg, tlf. 975 59 036.

Alle førespurnadar vert handsama fortruleg.

Om arbeidsgiveren

Voss Energi AS er eigd av Voss herad og har sitt hovudkontor på Voss. Me driv med produksjon, distribusjon og omsetnad av elektrisk kraft og varme, samt levering av fiber- og breibandstenester. Konsernet omfattar morselskapet Voss Energi AS og dotterselskapa Tendranett AS, Voss Energi Kraft AS, Voss Energi Produksjon AS, Voss Fiber AS og Hordaland Bioenergi AS.

 

Voss Energi AS
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Voss
Kontakt:

Mercuri Urval ved
Gro Reinertsen
Tlf: +47 975 59 058

eller

Ole Petter Bratteberg
Tlf: +47 975 59 036.

Søknadsfrist: 09.11.2025

Bestill stillingsannonse

 

 

BESTILL STILLINGSANNONSE NÅ!

Europower har 10.000 digitale abonnenter som betaler for å holde seg oppdatert om det som skjer i energibransjen.

Denne målgruppen treffer du ved å annonsere ledige stillinger på Europower.no.

Medieplan

Klikk her for å laste ned medieplanen. 

Kontaktinformasjon

For bestilling av annonse, informasjon eller tilbud, ta kontakt med A2Media:

Mail: ann-kristin@a2media.no  

Ann Kristin Haugen, TLF: 41812132