info-img

Vi søkjer ein dyktig kulturbyggjar

Tussa Kraft

Tussa Kraft vart stifta i 1949 og har sidan då vore kraftprodusent og -leverandør på søre Sunnmøre. Selskapet har vore med i den store utviklinga i regionen, både med omsyn til industrialisering generelt, og i kraftforsyninga spesielt, og i dag er Tussa Kraft morselskapet i konsernet. 

Tussa Kraft yter tenester innan økonomi, finans, innkjøp, dokumenthandtering, kommunikasjon, løn og HR til dotterselskapa. Selskapet har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta.

Om stillinga

Tussa er stolte av å ta eit medvite samfunnsansvar. Vi gir eit positivt miljøbidrag på fleire område; vi produserer fornybar energi, vi leverer samhandlingsløysingar (IKT) som gjer transportbehovet mindre og vi leverer energieffektive installasjonsløysingar. Men Tussa erkjenner også at vi må gjere endå meir for at samfunnet skal lukkast med det grøne skiftet. Vi tek nye steg og søkjer etter ein kulturbyggjar til rolla som berekraftsansvarleg i konsernet.

Vi ønskjer ein strukturert og engasjert person som kan ta ei sentral rolle i arbeidet med å møte berekraftsutfordringane på ein best mogleg måte. Dette handlar om utvikling, nye metodar, nye løysingar, nye prosessar og nye produkt, der berekraft skal leggjast stor vekt på. Du må vere lidenskapeleg oppteken av å drive fram berekraftige praksisar i alle forretningsområda. Sjølvsagt må du ha tru på visjonen vår om at vi har KRAFT til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar.

Dette er ei spennande stilling for deg som brenn for berekraft. Du vil spele ei viktig rolle som rådgjevar og ressurs for heile konsernet. Stillinga vil organisatorisk liggje i økonomiseksjonen og ha oppmøtestad i Ørsta.

Viktige arbeidsoppgåver vil vere:

  • Medverke til å utvikle og implementere Tussa sin berekraftstrategi
  • Leie berekraftarbeidet i konsernet og styrke gjennomføringsevna vår gjennom opplæring, rettleiing og støtte 
  • Arbeide tett saman med konsernet sine selskap for å integrere berekraft i heile verksemda, medrekna å initiere, planlegge, gjennomføre og informere om tiltak knytt til berekraft
  • Søkje innsikt og halde deg fagleg oppdatert om relevante trendar og regelkrav på nasjonalt og internasjonalt nivå (kontakt med styresmakter, bransjeorganisasjonar, interessentar o.l)
  • Sikre at Tussa er i samsvar med nasjonale og internasjonale berekraftstandardar og retningslinjer, og å koordinere rapporteringa til desse
  • Følgje opp konsernet sitt arbeid med openheitslova
  • Følge opp konsernet sitt arbeid som ISO-sertifisert etter 14001-standarden
  • Representere konsernet i relevante samarbeidsforum i regionen og i bransjane vi tilhøyrer

Kvalifikasjonar:

  • 3 til 5 års relevant høgare utdanning
  • Erfaring frå berekraftsarbeid
  • Kjennskap til relevante lovar, standardar og føreskrifter 
  • Gode norsk og engelskkunnskapar; både skriftleg og munnleg. Tussa har nynorsk som forretningsspråk.
  • Evne til å samarbeide effektivt med ulike avdelingar og interessentar

Personlege eigenskapar vil verte vektlagte 

Vi tilbyr:

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid selskap med høg aktivitet
  • Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
  • Gode velferds -, pensjons - og forsikringsordningar

 

 
Om arbeidsgiveren

Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med 260 medarbeidarar. Konsernet femnar om forretningsområda energi, IKT og installasjon og har ei årleg omsetning på om lag 1,4 mrd.

Tussa har stor miljømerksemd og er miljøsertifisert etter ISO 14001:2015 standarden.

Konsernet sitt hovudkontor ligg i Ørsta – i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.

Tussa
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Hovdebygda, Ørsta
Kontakt:

Olav Osvoll
Konsernsjef

Send melding

Søknadsfrist: 19.05.2024
 

BESTILL STILLINGSANNONSE NÅ!

Europower har mer enn 7.000 digitale abonnenter som betaler for å holde seg oppdatert om det som skjer i energibransjen.

Denne målgruppen treffer du ved å annonsere ledige stillinger på Europower.no.

 

Kontaktinformasjon

For bestilling av annonse, informasjon eller tilbud, ta kontakt med HS Media:

Mail: europower@hsmedia.no

Karoline Gran Kluge, TLF: 400 73 125

Se priser her.

 

Bestill annonsepakke nå